I fjor sommar dukka det opp nye turistgrupper i Lodalen for å fiske og padle i det vakre Lovatnet: Grupper som reiste med Adventures by Disney for å oppleve landet dei hadde sett i animasjonsfilmen Frozen (Frost).  - Før sleit vi med USA, men no har det nærast eksplodert, fortalde Jan Ove Hogrenning til Fjordingen.

Også i år lokkar det store konsernet med Lodalen i sine norske pakketurar.

- Slapp av, fisk etter ørret eller berre ro langsomt på det krystallklare vatnet og ha ein avslappande morgon med noko av den vakraste utsikta i verda, skriv Adventures by Disney, som også anbefalar norsk tradisjonskost på Kjenndalsstova.