Mannen som i Fjordane tingrett vart dømd etter mordbrannparagrafen etter å ha forsøkt å tenne på ei hytte på Stryn Camping, vann ikkje fram med anken.

Gulating lagmannsrett har dermed stafdesta dommen frå tingretten på to og eit halvt års fengsel, der eitt år og seks månadar er gjort betinga, med to månadar prøvetid.

Hytta vart påtent natt til 3. juni for to år sidan. Sunnmøringen ogein kamerat var i Stryn i samband med Motorfestivalen.

Etter å hablitt sendt på dør av dei som budde i nabohytta godt utpå natta,ville mannen i følgje dommen frå Fjordane tingrett hevne seg ved åtenne på ein eingongsgrill nedanfor lufteventilen på hytta, slik athytta skulle bli fylt av røyk.

Mannen lukkast i å tenne på, ogforlet deretter brannen utan å forsikre seg om at eingongsgrillensløkte. Elden spreidde seg slik at det tok fyr i bordkledninga.Etter ein stund vakna ein av dei sju i hytta av røykvarslaren ihytta. Hytta var då fylt av røyk. Dei seks andre i vart vekte oppog hytta vart evakuert.

Samtidig vart det sett i gongsløkkearbeidet fram til brannvesenet kom. Vitneforklaringar fråbrannsakkunnig i retten viser at dei sju i hytta var i livsfare somfølgje av brannen. Dei fleste som døyr av brann døyr av røyk oggass, ikkje av eld. Difor var alle som låg og sov i livsfare, ogsærleg dei to som sov på hemsen.