Posten seier regelendringane kjem som ei naturleg følge av digitaliseringa av samfunnet og at folk kommuniserar annleis enn før.

– Adresserte sendingar har falt med 60 prosent sidan 1999, og det er stort behov for å endre seg innanfor marknaden vi opererer i. Vi må tilpasse oss, seier pressesjef i Posten Norge, John Eckhoff.

– Reglane kan medføre at fredagsaviser kjem i posten på ein tysdag. Det seier seg sjølv at dette kan få dramatiske konsekvensar for fleire avishus med samfunnsoppdrag. Korleis forsvarer de dette?

– Vi meiner endringane ikkje burde kome som noko overrasking for avisene. Dessutan er konsekvensane mindre enn det givast inntrykk av frå bransjen, seier Eckhoff.

Han meiner at bransjen kan samarbeide om levering til Posten sine eigne punkt

- Avisene kan samarbeide om å finne løysingar for å transportere til Posten sine regionale- og lokale punkt for å få dagsfersk distribusjon, seier Eckhoff til Fjordingen.

På spørsmål om kva regelendringa betyr for Posten seier Eckhoff at ei omlegging frå to til ein brevstraum vil gi ei årleg lønnsomheitsforbetring på om lag 210 millionar kroner.