Pål Olav Skåre er ein av fleire kabinførarar ved Loen Skylift.

Stryningen har hatt jobben sidan seinsommaren i fjor. Han har for lengst slutta å vere redd, og han er godt kursa.

– Det er mange som er spente når dei skal ta gondolen, spesielt når dei skal ned att. Då er det ofte eit og anna hyl når vi passerer kanten, smiler Skåre.

– Kva gjer kabinførarane når det er langt opphald mellom turane?

– Då utfører vi service- og vedlikehaldsarbeid og gjer anna førefallande arbeid, som å vaske vindauga til dømes. Passasjerane må jo sjå den fantastiske utsikta, seier Skåre.

Les også: Klar for det verkelege storinnrykket.