- Vi ligg litt etter skjema. Målet er levering tidleg i mai, og ein ny sesong med friske bær i månadsskiftet september/oktober, seier Karin Kleppe og Finn Drageset. Dei to har på kort varsel teke over alle frukt- og bærproduksjon på «gamle» Langvin etter at, Atle Skåden, vart ramma av sjukdom.

- Det har lege i korta at vi skulle ta over, men det kom litt brått, seier Kleppe som til dagleg er driftsleiar på Stryn Betongelement. Saman med Finn Drageset som er dagleg leiar i Yri Sand, må ho rekne med lange arbeidsdagar framover. Dei har god hjelp av polakken Irek som bur fast i Innvik.

Steinar Dvergsdal i Langvin As vil ikkje gå nærare inn på storleiken av investeringa, men det er snakk om millionsatsing på drivhus. Det blir satsa på jordbær under tak også i Rogaland, men Langvin er truleg einaste staden med jordbærproduksjon i moderne drivhus.

Klar for butikkane: - Gode bær, forsikrar Karin Kleppe.

Det er titusen plantar som skal bære frukter dei komande vekene. I tillegg får dei ansvar for 35 dekar med plommer, eple og bringebær. Neste år skal det plantast 3800 epletre. Med det som er gjort i år og tidlegare, snakkar vi om ein nyplanting på 6.000 epletre.

Jordbærplantane kjem frå Holland gjennom Innvik Fruktlager. Det er rekna med 60 dagar frå planting til mogne bær, og når sesongen er over skal plantane vike plass for nye.

- Ein del skal vi plante på friland, men det kan også bli plantar til andre som vil prøve seg på jordbær, seier dei to som går ein hektisk sesong i møte.

Alt er nytt, og det ventar mange utfordringar. Økonomien ligg i maksimal unytting av arealet, og dei vurderer planting i to høgder. Eit anna interessant prosjekt er bringebær på langskot. Går alt som dei tenkjer kan det bli både jordbær og bringebær frå Innvik utanfor den vanlege sesongen.

Drivhuset sikrar varme, og vatning og gjødsling er automatisert. Også bikubane er på plass for å gjere sin del av jobben.

Ikkje berre raudt: Også grøne bær er salsvare når det skal lagast rettar med kamskjel.

Dei reknar med full levering kring 1. juni, og når dei seier første leveransen søndag så er det ikkje heilt rett. For 14 dagar skulle kjøkkenet på Hotel Alexandra har ei korg med grøne bær til ein rett med kamskjel.