Oppstryn har hatt seniorlag i fotball samanhengande sidan 1980. No er det slutt.
Gunn Kristi Tvinnereim går siste året på landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule. Til hausten går turen til Lillehammer for den hardtsatsande skiskyttaren frå Hardbagg IL.
Kombinertløparane har forsynt seg grovt av medaljane under VM på ski i Oberstdorf. Honndølen Johnny Seljeset er ein av fire smørjarar som så langt har levert perfekte ski til dei norske utøvarane.
Tre veker har gått sidan Anders Fannemel spente på seg hoppskia for første gong etter kneskaden han pådrog seg i 2019. Opptreninga går etter planen for honndølen.
Stryn vidaregåande skule er velkjend for landslinja i skiskyting. Men det er ikkje den einaste idretten elevar har å velje mellom.
Joanna Øvre-Flo frå Stryn lever handballdraumen. No har 17-åringen signert utlånsavtale med 1. divisjonsklubben Volda, og håpet er å kanskje få prøve seg på førstelaget innan sesongslutt.
Brørne Bø måtte finne seg i å spele andrefiolin på dagens VM-distanse over 20 kilometer i Pokljuka.
Johannes Thingnes Bø meiner han er kapabel til 19 treff, som han må ha for å ha sjanse på medalje i normaldistansen i VM onsdag.
Han skulle vore i Pokljuka no, Inge Brynestad frå Olden. I staden må han som alle andre sjå VM i skiskyting frå godstolen heime.
Fleire helgar på rad siste månaden er det blitt skipa til klubbrenn i skiskyting og langrenn på Ullsheim.
– Eg har hatt perfekte førebuingar, seier Tarjei Bø før VM-sprinten fredag.
Johannes Thingnes Bø var spent før onsdagens opningsdistanse i VM i skiskyting. 4x7,5 km blanda stafett stod på programmet, der 27-åringen skulle gå 2. etappe.
Onsdag startar årets VM i skiskyting i Pokljuka, Slovenia, og første øving på programmet er blanda stafett.
25 år er gått sidan dei eventyrlege NM-dagane på Ullsheim og i Bjørkelibakken. Heile Nordfjord stod på hovudet i framkant og i dei 14 dagane meisterskapen pågjekk. Men mildvêr og fønvind var nær ved å sette ein brutal stoppar for folkefesten.
Etter eitt og eit halvt år på sidelinja grunna kneskade gjorde Anders Fannemel comeback i hoppbakken onsdag.