Omlag 15 bagasjerom var fylte med lopper og godbitar då Løvland spiseri og pub inviterte til bagasjeromssalg på parkeringsplassen laurdag.

Her var det alt frå teikneseriehefte, via akebrett og ski til meir antikke gjenstandar.

Også kameratane Aksel Flo Stavik (9) og Elias Tvinnereim (8) hadde leita fram mykje spennande som dei hadde for salg. Målet var i alle fall å tene inn att isane dei hadde kjøpt.

Vertinne Gry Elverum hadde sjølv rigga seg til med eit eige telt, fylt opp med møblar, lampar, verktøy, sparkstøtting, mopedar -og mykje, mykje meir.

- Eg har tenkt å ha teltet ståande gjennom sommaren. Eg har så mykje eg har hatt lagra i Grobygget, så no får eg prøve å kvitte meg med litt av det, seier Elverum.

Gry Elverum var vertinne for bagasjeromssalget. Sjølv trengte ho eit telt til alle sine lopper.

Kafe- og pubdrivaren tykkjer bagasjeromssalg er ein aktivitet som slår fleire fluger i ein smekk.

- Gjenbruk er i vinden og det er fint at folk får rydda i tinga sine. Og så skjer det noko, og det er kanskje det viktigaste.