Malin Riise Gran (16) frå Stryn er eit av våre lokale friidrettshåp. Ho trenar målbevisst, og har eit klart mål ved starten av ein lang friidrettssesong.

- Eg håpar å kome under 13 sekund på 100 meter, seier ho.

Riise Gran har akkurat sprunge i mål under friidrettsstemnet i Hornindal laurdag. Og tida 13,18 fortel at målsetjinga bør vere innan rekkevidde for den kjappe strynejenta. Og ho kan fortelje at persen er endå litt betre.

- Eg persa frå 13,15 til 13,12 i Bergen for eit par veker sidan, smiler ho.

Riise Gran konkurrerer også i lengde. Her under stemnet i Hornindal i helga.

Riise Gran var i fjor svært plaga med både beinhinnebetennelse og trøyttleiksbrot, men i år har opptakta til ny sesong vore bra.

- Ja, i år har eg fått trent veldig godt. Vi køyrer til Breim for treningar fleire gongar i veka.

Gran sprang også 200 meter i helga, der kom ho inn til 28, 75. I lengde vart det 4,48 meter.