Det er totalt seks personar som er rekna som skadde etter ulukka ved Stavenestunnelen. Tre av dei er kritisk skadde.

Alle dei seks skadde sat i den involverte minibussen som kom frå Loen i retning Stryn.I tillegg til desse tre er èin lettare skadd og to mindre skadde, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. To av dei skadde er sende med helikopter til Haukeland Universitetssykehus, to er sende med helikopter til Førde Sjukehus og dei andre er frakta lege med ambulanse.

Om bord i bussen var det 33 passasjerar.

- Vi driv og organiserer at desse blir henta av annan buss og frakta vidare på den opprinnelege køyreruta si, seier innsatsleiar, politibetjent Vidar Stavik frå politiet i Stryn.

- Nokre av dei i bussen har sårskadar, kuttskadar i andletet o.a. Desse må innom på sjukehus før dei kan reise vidare. Desse vert etter det som er opplyst sende til Førde og Volda.

Det var rundt 14.30 det gjekk ut trippelvarsling til alle naudetatar om kollisjonsulukka  på Loen-sida av Stavenestunnelen.

- Då vi kom fram som første politipatrulje var helse og brann allereie i innsats for å ta pasientane ut av bilen.  Vi fekk ganske fort oversikt over situasjonen. Det var først sagt at det var fastklemde personar, men dei skadde vart ganske raskt frigjorde, så redningsarbeidet gjekk veldig greitt.

Politibetjent Vidar Stavik, innsatsleiar i samband med ulukka ved Staveneset. Foto: Gunnhild Sindre

Personane i minibussen var belgiske, medan passasjerane i bussen var koreanske turistar. Sjåføren på bussen er  frå Litauen.

- Skapte språk nokre problem på ulukkesstaden?

- Nei, det var utanlanske personar i begge køyretøya, men det gjekk likevel greitt å få den informasjonen som var nødvendig.

Saka skal etterforskast av politiet i Stryn.

– Det vert føreteke avhøyr av impliserte partar, noko vi er godt i gang med. Vi får også assistanse til den tekniske etterforskinga av Statens vegvesen si ulukksgruppe, seier Vidar Stavik.