Naturleg Aktiv hadde sin siste AFO-dag (aktivitet-fritidsordning) onsdag. Det private selskapet med Einar Dons Brath og Øystein Hesjedal i spissen starta opp for tre år sidan, og har sidan då sytt for mange og innhaldsrike dagar med naturen som utgangspunkt gjennom AFO-en Gje gass.

- Det var desverre for få som har meldt seg på til neste år, men stryningar er flinke til å nytte ledig tid til å bruke naturen som leikeplass så vi får hylle foreldre og besteforeldre for den jobben dei gjer istaden for å deppe over at tilbodet ikkje held fram, seier Dons Brath.

Etter det første året vart jobben i stor grad vidareført av Monica Beate Hesjedal og Kristin Maurset. Han rosar dei for innsatsen dei har lagt ned ved AFO-en, som har gått jamt og trutt onsdagane. Tilbodet har vore for 1. og 2. klassingar.

- Dei fortener heder og ære for jobben dei har gjort.

AFO vart avslutta med foreldrekveld ved Sagedammen tysdag, og påfølgjande overnattingstur for elevane ved Ulvedalstjønna.

Naturleg Aktiv driv også leirskulen ved Nordfjord Fritidssenter, og skal dessutan gjennomføre to Action campar denne sommaren. Sistnemnde er for 6.-9. klassingar.

- Ja, Naturleg aktiv-toget fossar vidare med leirskuler,sommarleirar og anna, forsikrar Dons Brath.