Når eit cruiseskip sig inn ein av fjordarmane på Vestlandet, er det stor sjanse for at det er eit skip som høyrer til Carnival Corporation. Den amerikanske cruisekjempa har ni merkenamn, som AIDA, Costa, Seaborn og P&O, og står for opp mot 50 prosent av cruisetrafikken i Noreg. I år legg selskapet til kai over 850 gonger ved norske hamner.

– Noreg byrjar å bli veldig viktig for oss i Nord-Europa, seier Lars Ljøen til Nynorsk pressekontor. Han arbeider for Carnival i Hamburg med ansvar for drifta og utviklinga til fleire av merkenamna til cruiseselskapet.

Ambisiøst miljømål

Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO vedtok i år at utslepp av klimagassar frå skipsfarten skal reduserast med 50 prosent innan 2050. I april vedtok Stortinget nullutslepp i verdsarvfjordane Aurland, Nærøyfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden frå 2026.

– Me investerer jo i mange ulike teknologiar, men kjem det kravet i 2026 inn så trur eg både Flåm og Geiranger kjem til å ha null store båtar i 2026.

– Gjeld det skipa dykkar også?

– Ja, me har ingen båtar som klarer det. Det er ikkje noko problem å ta ut svoveloksid (SOx), nitrogenoksid (NOx) og partiklar. Dei nye skipa våre skal gå på LNG (naturgass) og me kan leggje til rette for landstraum. Å segle inn og ut av fjordane med batteri er kanskje mogleg å få til, men det blir ei utfordring, seier Ljøen.

Han meiner målet om nullutslepp er for ambisiøst og snevert.

– Den lokale forureininga er jo helst SOx og NOx. CO2 utgjer ein liten del av lokalforureininga og det er jo nær sagt inga skilnad globalt om ein køyrer ein time eller to med naturgass. Så me skulle heller sett at det var strengare krav for heile norskekysten i staden for berre i verdsarvfjordane, i tillegg til ei meir realistisk tidsplan for krava.

Vil investerer i grøne løysingar

LNG som drivstoff har om lag 20 til 30 prosent lågare CO2-utslepp enn diesel og tungolje. Det blir ikkje sot- eller svovelutslepp frå LNG, mens NOx-utslepp er redusert med cirka 85 prosent. Fleire av dei store cruiseselskapa bestiller no skip men naturgass som drivstoff. Av desse 14 cruiseskipa står Carnival for halvparten, skriv Teknisk vekeblad.

Ljøen stadfestar at Carnival Corporation er villig og klar til å investere i meir miljøvenlege løysingar, men dei har ingen skip under bygging som er heilt utsleppsfrie. Dei nye LNG-skipa kan få installert batteri på sikt, fortel Ljøen.

– Carnival ønsker å gjere det miljømessig fotavtrykket sitt så lite som mogleg. Som marknadsleiar innan cruise må me ta leiinga her og gjere det som er rett for miljøet og destinasjonane me besøkjer.

For å få til det skreiv Carnival Corporation denne veka under ein samarbeidsavtale med miljøstiftinga Bellona. Målet er å utvikle teknologiske løysingar for nullutslepp i hamnar og verdifulle, sårbare område. Vegen dit er lang.

– Målet er ambisiøst med tanke på den teknologien som er i dag. Så er spørsmålet kor fort ein kan utvikle ny teknologi. Det avheng av kor god økonomi det er i det og kor vanskeleg det er, seier Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar for skipsfart i Bellona.

Bestiller du ein båt i dag og veit korleis han skal så ut, tar det fem til seks år før han er levert.

– Når me veit at teknologien som oppfyller nullutslepp ikkje er utvikla, så må ein rekne litt meir tid for å få det til. Det er mogleg å få til, men då må infrastrukturen på land, som lading eller bunkring av hydrogen, vere på plass.

Ein del av løysinga

Det krev til dels store investeringar i hamnene. Mens store hamner som Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand investerer i landstraumanlegg og liknande løysingar, er dette nokon dei små hamnene som i hovudsak lever av sommartrafikken kvir seg for. Usikkerheita knytt til investeringar i miljøvenlege løysingar er for stor.

– Flåm og Geiranger er viktige for cruisenæringa, så dei vil nok strekke seg langt for å få det til. Men det er dumt viss strenge krav som ikkje blir oppnådde i ein fjord gjer at ein flyttar trafikken til ein annan fjord og får det same problemet der. Då har me gjort noko gale, seier Paulsen i Bellona.

Sjølv om miljømåla kan vere vanskelege å nå innan 2026, vil Carnival halde fram den grøne satsinga, lovar Ljøen.

– Eg trur ikkje me er problemet, men ei del av løysinga. Me kan frakte tusenvis av passasjerar inn og ut av ein verdsarvfjord utan at nokon ser at me har vore der. Det kan ein ikkje om ein i staden byggjer veg eller hotell.

(©NPK)