– I denne saka har media ikkje teke eit svar for eit svar når mykje talar for at svara ikkje stemmer med røyndomen. Det vi har skaffa fram i denne saka er eit resultat av god journalistikk, seier redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten.

Han viser til at einingsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn, seier dei vil senke lista for kva dei vil sende lokalt politi ut på etter at ein buss med 55 passasjerar køyrde av vegen på Dispen i Stryn førre veke.

Einingsleiaren for Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, er tydeleg på at lokalt politi burde vore kalla ut.

Operasjonssentralen etterlyser no eit betre regelverk for slike tilfelle og vil ta dette opp med havarikommisjonen.

- Media gjer vel berre jobben sin?

– Ja, men dette ville truleg ikkje skjedd om det ikkje var for kritiske spørsmål frå media. Det er flott om denne saka fører til ei lovendring, men det er viktig at politiet går igjennom sine rutinar slik at dette ikkje skjer igjen, seier Flaten.