Ønskjer etablere massedeponi i Markane

Vinsrygg Maskin søkjer Stryn kommune om løyve til å etablere eit massedeponi i Markane.

Ved gamlevegen: Det innringa området er der Vinsrygg Maskin ser føre seg massedeponiet. Skravert område viser kvar ein ønskjer å sprenge ut stein. Innkøyring skal føregå frå aust, ved Markahall. Utkøyring til rv15 i krysset til Maurset. 

abonnent

– Det er eit prekært behov for deponi av massar i Stryn kommune, og vi meiner at dette vil bli ei bra løysing og plassering i forhold til transportavstandar, skriv Jens Vinsrygg i brev til kommunen. Det vert mellom anna synt til førespurnad om mottak av massar i samband med tunnelanlegget på Blakset som har oppstart denne våren.

– Elles tenkjer ein at deponiet skal vere tilgjengeleg for entreprenørar, kommunar og andre.