– Med 25 nye hyttetomter på Hydla 3, blir det totalt 140 hyttetomter på Hydla, seier Otto Vik.

Nyleg vart reguleringsplanen for dette området vedtatt av kommunestyret, som dermed gav grønt lys for vidare utbygging av Hydla hyttegrend.

25 nye hyttetomter Hydla 3-feltet (i skuggen) som ligg sør for Hydla 2 på om lag 400 høgdemeter. Foto: Roger Oldeide

Grunneigaren av området nyttar store ord når han omtalar hyttegrenda som ligg tett ved skifasilitetane på mellom 320 – 420 høgdemeter i Stryn.

– Eg lyg ikkje når eg seier at dette så langt har vore ein suksess. Hydla 1 med 45 einingar opna vi i 2007 og dei vart selt på eit blunk. I 2014 opna vi Hydla 2 og på to år har vi selt 46 einingar på Hydla 2 av totalt 75 tomter, så dette har gått fort, fortel Otto Vik entusiastisk.

Når Hydla 3 er ferdig vil Hydla-feltet åleine utgjere 500 dekar. Tomtene vil bli lagt ut på vårparten, fortel Vik.

Han legg til at det ikkje berre er sunnmøringar som har hytte-adresse i Stryn.

Utvidar Otto Vik er grunneigar av Hydla Hyttegrend i Stryn. Han har fått grønt lys for å bygge ut Hydlafeltet med 25 nye tomter. Foto: Roger Oldeide

– Det er i hovudsak sunnmøringar som eig hytte i Stryn, men vi har fått fleire frå både Førde, Sogndal og endatil frå Eid her no, seier Vik som på planleggingsstadiet er lenger komen enn Hydla 3.

Planen er 200 hyttetomter.

Hydla hyttefelt 25 tomter nye hyttetomter vil bli lagt ut på vårparten neste år.

– Eg er veldig spent på kva som skjer med Stryn vinterski. Det er enormt viktig for Stryn og Stryn kommune med drift og aktivitet i skifasilittetane, seier Vik som vil ha heilårsdrift med klatrepark i Hydla.

– Har vi råd å la vere å satse i dette området i Stryn? spør Vik.