Det første punktet Fylkesmannen beit seg merke i, var at utvalet som behandla saka, helse- og sosialutvalet, ikkje hadde myndigheit til å fatte eit vedtak i saka då utvalet bestemte å inndra skjenkeløyvet frå Yris Kafé.

«Det er i utgangspunktet kommunestyret som har mynde til å gjere vedtak om tildeling av prikkar, men kommunestyret kan delegere vedtaksmynde i slike saker», heiter det i Fylkesmannen si vurdering av klaga.

Vidare står det at helse- og sosialutvalet har avgjerdsmynde i saker som gjeld forvaltning av midlar, og at ingen andre saker er nemnde. Dermed har ikkje helse- og sosialutvalet fått delegert vedtaksmyndigheit i slike saker.

«Dersom eit vedtak er gjort av eit organ som ikkje har vedtaksmynde, er det til vanleg ein sakshandsamingsfeil som i seg sjølv gjer vedtaket ugyldig», står det i vurderinga.

Dette var heller ikkje den einaste feilen i saksbehandlinga som blei gjort i denne saka. Fylkesmannen peikar på fire andre feil som blei gjort gjennom behandlinga.

Mangla informasjon

Ved tildeling av prikkar eller inndraging av skjenkeløyve heiter det i forvaltningslova at ansvarleg skal bli varsla på førehand, der det skal bli gjort greie for kva saka gjeld og annan informasjon som gjer at vedkomande kan vareta sine interesser i saka. Dette mangla i meldinga til ansvarleg i forkant av tildelinga av prikkane.

«Kommunen si melding er ikkje i samsvar med forvaltningslova §16 om førehandsvarsel, sidan meldinga verken inneheld informasjon om at kommunen vurderer inndraging/prikktildeling på bakgrunn av innhaldet i rapporten eller annan informasjon mottakar treng for å vareta sine interesser», står det i vurderinga.

«Feil lovforståing»

Ifølgje vurderinga til Fylkesmannen viser også kommunen til «feil lovforståing og mangelfull opplysing av saka», når dei ikkje syner til paragraf 8–9 i alkohollova, eller drøftar om forholda på staden var i samsvar med eit unntak i den same paragrafen. Dette unntaket seier at dersom eigar, leiar, drivar eller tilsett disponerer lokala til eige bruk i eit slutta selskap, så er ein unnateke frå serverings- og drikkeforbodet. Ettersom saka ikkje nemner noko om hendinga var i strid med forbodet, eller hamna innanfor unntaket, blir også dette sett på som ein sakshandsamingsfeil.

Oppheva begge vedtaka

«Vidare har kommunen tildelt prikkar utan at det er gjort nærare greie for kva som er heimelen for prikktildelingane, eller korleis skjønnet er utøvd», står det vidare i vurderinga. Også dette er i strid med forvaltningslova, som fortel om krav til grunngjeving av vedtak.

I tillegg til dette skulle prikkane i utgangspunktet bli ståande fram til to år etter at saka blei handsama. Dette var også feil, då toårsperioden skal reknast frå overtredingstidspunktet. I den originale klagen til helse- og sosialutvalet blei denne delen av klaga teke til følgje.

Etter å ha vurdert saka kom Fylkesmannen fram til at det ikkje var mogleg for Fylkesmannen å vurdere om innhaldet i vedtaket var lovleg eller ikkje.

– Dette er sakshandsamingsfeil som ville ha ført til oppheving av vedtaket som ugyldig, sjølv om det hadde vore gjort av rett instans. Som følgje av at vedtaka ikkje er gjort av rett organ og heller ikkje har blitt gjort på rett måte, har Fylkesmannen oppheva begge vedtaka.