5.–7. klasse ved Nordsida skule har sendt brev til ordførar Sven Flo der dei ber om eit forbod mot sal av heliumballongar i Stryn kommune. Ordføraren kjem til å ta opp saka i kommunestyremøtet 15. mai.

Heile skulen har i lengre tid jobba med eit plastprosjekt. Som ein del av prosjektet har elevane mellom anna plukka søppel nede ved fjorden og langs vegane.

Storskulen har delteke på UKM med ein collage kalla «Eit hav av plast», og i slutten av mai blir prosjektet avslutta med ein «plastmusikal». Dei eldste elevane har også sendt brev til ordførar Sven Flo, der dei ber kommunestyret vedta eit forbod mot sal av heliumballongar i kommunen.

«Vi vil gjerne at du tek opp med kommunestyret at det ikkje skal vere lov til å selje heliumballongar i Stryn kommune. Det er mange andre kommunar i Norge som har forbod mot å selje heliumballongar. Heliumballongar er med på å forureine hav og land, og dei blir aldri nedbrotne. Vi kan heller bruke heliumgassen til kreftbehandling. Vi har jobba med eit plastprosjekt dette skuleåret, og vi har lært mykje om kva skadeverknader plast har på miljøet vårt. Vi håpar kommunestyret kan vedta forbodet og ser fram til ein heliumballongfri 17. mai-feiring», står det i brevet.

Fantastisk initiativ

–Dette er eit fantastisk initiativ, og vi kjem til å behandle spørsmålet frå elevane i kommunestyret 15. mai, seier ordførar Sven Flo. Han rosar tiltaket også ut ifrå eit miljøperspektiv.

– Kjempeflott at ungane viser dette engasjementet, og det er viktig at vi tek dei unge på alvor, fortel Flo.

Interessant prosjekt

– Det er veldig bra at ordføraren tek oss på alvor, seier Aurora Sølvberg Spilde som går i 7. klasse.

– Vi er i grunn litt stolte av det, seier Madeleine Steinsåker Veddegjerde i 5. klasse. Begge synest prosjektet har vore interessant og lærerikt.

– Vi har lært mykje, mellom anna kor lang tid det tek før ulike former for søppel blir brote ned. Folk bør tenke seg om og ikkje kaste søppel i naturen, seier jentene.

Plastprosjektet vert avslutta med ein «plastmusikal» 31. mai der heile skulen deltek. Då kjem også elevane til å invitere ordføraren.

Nordsida skule rydda strandsona Dokset- Rosetnausta 3.mai. Foto: Maria Sølvberg
Frå venstre Rubina Podgorski, Vilde Arine Slettenes, Aurora Sølvberg Spilde, Hedda Sølvberg og Tuva Fjellkårstad. Foto: Maria Sølvberg