Storebror Mathias Melheim (19) følgde opp Steffen Melheim sin strålande innsats under verdsungdomsleikane i Göteborg i ettermiddag. Han tok til og med to steg lenger opp på pallen.

Med 15,33 med 6 kg-kula vart det gull til oldaren på Nya Ullevi. Det lengste støtet kom i siste omgang, men med 15,28 i andre omgang hadde han god kontroll på konkurrentane heile tevlinga.

- Det er litt bak pers, men det er nok likevel den sterkaste konkurransen eg har gjort med tanke på varmen og at det var inne på ein så stor stadion, seier Mathias til Fjordingen.

- Så eg er veldig fornøgd med sigeren. Det var har vore eitt av sesongens største mål å vinne i dette stemnet!

I morgon ventar diskostevlingar for dei to kastspesialistane frå Olden IL.

Topp 10 i kule G-19 (6 kg)

1Mathias Melheim99NOROlden IL15,33
2Simon Lanngren00SWESävedalens AIK14,01
3Mads Lund00DENSparta Atletik13,95
4Stefan Lehnert99DENHvidovre Atletik13,53
5Rasmus Jensen99DENBallerup AK13,52
6Erlend Bolstad Raa00NORFana IL12,99
7Mathias Kveiborg00DENBallerup AK12,62
8Stefán Narfi Bjarnason00ISLThjotandi11,51
9Gjert Höle Sjursen00NORIL Gneist11,31
10Runar Ingi Stefansson99ISLUMSS11,25