I samband med utarbeiding av kommunedelplan Langeset – Stryn – Storesunde vart det avsett eit nytt næringsareal på Vikaleirane på om lag 6870 m2. NSM Bygginvest AS har søkt om å overta eit areal på Vikaleirane på om lag 7 dekar.

Ifølge sakframlegget skal arealet nyttast til utvikling og ekspansjon av verksemder som i dag er etablert på Vikaleirane.

Formannskapet skal handsama saka onsdag og tilrådinga frå rådmannen er at NSM Bygginvest får overta deler av gnr. 46, bnr. 85 på Vikaleirane. Arealet, som er avsett til næringsføremål, er tilrådd ein pris på kr 120 pr m2.

I utkastet til kontrakt mellom partane tek Stryn kommune atterhald om rett til å kjøpe attende arealet til kostpris dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bli aktuelt å selje arealet vidare til andre.