– Det var mange gode filmar i programmet, og vi var utruleg glade for den prisen. Vi har også fått mange varme tilbakemeldingar. Det var særleg oppmuntrande å få gode ord frå Aslaug Holm, regissøren bak dokumentaren «Brødre» og æresgjest på filmfestivalen, fortel skaparen av «Bjarne vil ikke på film», Weronika Nitsch.

For kort tid sidan vann Nitsch og klippar Alexander Vollevik Larsen to prisar under dokumentarfilm-festivalen i Volda. No håpar Nitsch at prisane kan hjelpe dei å nå draumen om å bli sendt på TV.

– Vi drøymer om å vise filmen på tv til slutt. Vi vil at folk flest skal få mulegheit til å sjå den, og då er tv den beste kanalen, seier ho.

– Vi har førebels fått eit tilbod fra VGtv. Vi håpar at Publikumspris på den Norske Dokumentarfilm Festivalen i Volda og dei to andre prisane i Volda og i Fredrikstad kan hjelpe oss å få filmen fram i lyset og skape interesse frå store TV-stasjonar, seier Nitsch.

Dei avventar difor å sjå om andre interessentar kjem på bana.