Fjordingen har tidlegare fortalt om dei to føregåande ekspedisjonane til polakken Wojtek Flaczynski og faren Lech. Wojtek har budd i Loen sidan 2012, og før det arbeidd som dreng i bygda sommarstid.

I 2013 måtte dei avbryte turen til  fjellet Nanga Parbat, etter at ei terroristgruppe angreip base camp for ekspedisjonen. I fjor sommar var verdas fjerde høgste fjell, Lhotse (8.516 m.o.h.), turmålet. Den gongen sette eit snø- og isras stoppar for vidare oppstiging. 16 sherpaer døydde i raset.

Nytt forsøk

Då Wojtek og faren Lech ville gjere ei nytt forsøk på Lhotse i vår, gjentok tragedien seg -men med endå verre utfall. 20 personar døydde som følge av eit større ras som vart utløyst etter kraftig jordskjelv. Ulukka blir rekna som den verste på over 80 år. Store deler av Nepal vart råka i skjelvet, og til saman 20.000 miste livet.

Søkte ly bak ein stein

Wojtek og faren sat i matteltet i base camp då jordskjelvet fann stad.

– Vi høyrde ein lyd frå det vi skjønte måtte vere ras, og sprang for å sjå ut. Der såg vi ein vegg av snø kome imot oss, fortel Wojtek. Han anslår raset til å vere fleire hundre meter breitt og 50 meter høgt.

– Vi sprang ut og gøymte oss bak ein stor stein. Heldigvis var det berre skredvinden som nådde oss, men vi vart dekt med 3-4 cm snø.

Steinen som Wojtek og Lech søkte ly bak. Foto: Privat

20 drept og mange såra

Men ikkje alle kom like godt ifrå det som Wojtek og Lech.  Dei som heldt til meir midt i leiren fekk oppleve eit heilt anna trykk frå skredvinden -ein vind som fort kan nå ein fart på kring 300 km/t.

– Det kom ein og fortalde at mange var drept eller såra, og vi måtte hjelpe. Helikopter kunne ikkje kome inn før dagen etterpå. 20 døydde og sikkert 50-60 var såra, fortel han.

Trass den tragiske ulukka ville ikkje den polske duoen gi opp håpet om å klatre til topps. Men dei ulike reisefølga trekte seg ut frå området, ein etter ein, og i tillegg rømde sherpaene som dei var avhengige av å få hjelp frå over det krevjande partiet Icefall. Etter ei god veke måtte dei skuffa innsjå at det vart ikkje tur til over 8.000 meter denne gongen heller.

Ulukkesfugl

Wojtek har ikkje gitt opp håpet om å bestige fjell av denne storleiken, men no har han fått nok av Himalaya for ei stund.

- Vi vurderer fjellet Pik Pobeda i Kirgisistan, det tidlegare Sovjet, fortel Wojtek. Han innrømmer at han føler seg noko uheldig, og klatrevener spøkar litt med ulukkesfuglen.

– Du må seie kvar du reiser neste gong- så vi ikkje reiser dit!