I avisene Fjordingen, Vikebladet og Sunnmørsposten, les vi om hytteeigar Atle Garnes som blir pålagt avgifter på nær 5.000 kroner i året for tenester han ikkje treng meir enn kvart tredje eller fjerde år.

Frå Stryn kommune si side blir det hevda at det vil vere utfordrande å få til ei tømmeordning for septiktankar som er tilpassa den einskilde sin bruk. Kommunen samanliknar dette med andre typar avgifter der bruken varierer, men gebyret er det same. Kommunen opplyser likevel at dei med tankar på ni kubikk får tømming annakvart år, og at ein om nokre år vi ha erfaringsgrunnlag til å vurdere om forskrifta bør endrast. Det blir vidare argumentert med at tenestene blir levert til «sjølvkost».

På vegne av Ecomotive AS, FoU-selskapet i Jetskonsernet som utviklar løysingane det her er tale om, finn vi grunn til å kommentere saka og måten det blir argumentert på frå kommunen si side.

Jets på Hareid har arbeidd systematisk med utvikling av ressurs- og miljøsparande reinseløysingar sidan 1994. Dette er gjort i samarbeid med fagmiljøet ved NMBU på Ås. Samarbeidet mellom bedrift og akademia starta opp i samband med forskingsprogrammet NAT (Naturbasert AvløpsTeknologi). Produktutvikling og dokumentasjon er basert på vitskaplege metodar.

Sidan 2006 har samarbeidet med NMBU og satsinga på miljøvennlege reinseløysingar vore skilt ut i FoU-selskapet Ecomotive AS (http://ecomotive.no). Samarbeidet med NMBU har resultert i ei rekke nye produkt, både for den maritime marknaden og for den veksande landmarknaden. Det unike samarbeidet har også ført til 7 doktorgrader og 12 mastergradsoppgåver.

Gjennom 25 år med utvikling og dokumentasjon meiner Ecomotive AS at erfaringsgrunnlaget som Stryn kommune etterlyser for å vurdere regelverket eksisterer. Desse erfaringane treng difor ikkje den enkelte kommune opparbeide sjølve.

Etter vårt syn er det ikkje utfordrande å få til ei tømmeordning som er meir økonomisk, og betre tilpassa behovet, enn det denne saka vitnar om.

Ut frå det vi les i avisa så har Garnes investert i ei utprøvd løysing som produserer maksimalt 25% av avfallsmengda som blir produsert ved bruk av konvensjonell løysing med vassklosett og blanda avløp.

Omrekning av reelle kapasitetar: Garnes sin tank på 5000 liter i kombinasjon med Jets-løysing kan samanliknast med kapasiteten til ein tank på 20.000 liter tilpassa konvensjonell løysing.

Samanlikna med dei som betaler avgift for å få dekt eit reelt behov kvart år (levert som teneste til sjølvkost for kommunen), betalar Garnes i realiteten 3-4 gongar meir enn det den reelle bruken tilseier fordi han har investert i ei ressurs- og miljøsparande løysing.

«Kva miljøomsyn er det i å tømme ein kvart full tank kvart år», spør Garnes retorisk. Dette spørsmålet er etter vårt syn veldig presist formulert.

Poenget blir særleg tydeleg når Stryn kommune opplyser at kommunen godkjenner «tømming anna kvart år for tett tank på 9 kubikk». For å halde oss til samanlikninga av kapasitetar: Den tette tanken til Garnes har meir enn meir dobbelt så stor kapasitet som ein tank på 9 kubikk brukt i kombinasjon med konvensjonelle løysingar. Etter vårt syn må det reelle behovet alltid vere den saklege rettesnora når ein pålegg innbyggarane tenester og avgifter til sjølvkost. Etter vårt syn bør difor ikkje kommunen avvise framlegget frå Garnes om tømming annakvart år. Det er framleis tale om full pris for tømming av halv tank.

Som utviklar av innovativ teknologi forstår vi kommunane sin utfordring med å lage eit godt regelverk. Som samfunn bør vi likevel ha som mål å utvikle regelverk som stimulerer, og ikkje motverkar, teknologiutvikling og satsing på ressurs- og miljøsparandande løysingar.

På maritim side er Jets og Ecomotive vande med å utvikle nye og innovative løysingar i tett samarbeid med krevjande verfts- og reiarlagskundar.

I landmarknaden håper vi at norske kommunar vil ta på seg ei noko større rolle som fagleg og krevjande premissleverandør for utvikling av norsk miljøteknologi.

Ottar Håkonsholm, dagleg leiar Ecomotive AS

Hans C. Haddal, styreleiar