Det var fullsett sal i Stryn kulturhus då Weronika Nitsch presenterte dokumentarfilmen om naboen Bjarne Sunde laurdag kveld.

"Bjarne vil ikke på film" er ein 40 minutt lang film som viser eit nært og spesielt venskap mellom to personar i ulike aldrar og med heilt ulik bakgrunn. Filmen vekker alle kjensler og inviterer til ein god porsjon latter, men også ettertanke.

Råmaterialet vart vi fortalt å vere filma gjennom fleire år og med ulike kamera. Det gjenspeglar seg også i kvaliteten på opptaka, men det er noko som meir kler filmen enn det øydelegg. Kjensla av å vere "tett på" og det impulsive vert berre endå sterkare.

Bjarne likar seg ikkje på film, og generelt ikkje i rampelyset. Han var til stades laurdag, men såg den frå bak bakerste rad. Likevel fekk kveldens konferansier, Dag Indrebø, lokka Bjarne fram på scena saman med Weronika Nitsch etter filmframsyninga.

Det vart ikkje lagt skjul på at Nitsch hadde mykje å takke klippar Alexander Vollevik Larsen for. Det var saman med den erfarne NRK-klipparen at timar med råmateriale vart sydd saman til ei flott historie. Han hadde også laga musikk til filmen. Larsen var også til stades laurdag.

Du kan lese meir om verdspremieren og korleis hovudpersonen sjølv, Bjarne Sunde, opplevde filmen og framsyninga med 350 i salen, i tysdagsavisa. Vil du sjølv oppleve filmen er det sjansar for det søndag.