– Vi skjønar at mange vil ha bort Utstillingshallen, men vi kan ikkje godta dette, seier leiarane av Stryn Sau og Geit og Indre Nordfjord Fjordhestlag.

Delen av Utstillingshallen nærast kunstgrasbana vart vedtatt riven i 2016, men den andre delen er altså stridens kjerne. Som omtalt, har ei forhandlingsnemnd forhandla med dyreorganisasjonane om hallen si framtid. Undervegs skal det ha blitt klart at uteområdet vest for Øyravegen, knytt til hallen, er eit statleg sikra friluftsliv-område.

– Fylkesmannen har sagt nei, og då må brukarane sjølve vurdere om dei likevel vil vere tente med det resterande tilbodet, sa Sven Flo då formannskapet handsama saka førre onsdag. Der vart det poengtert at forhandlingsnemnda ikkje har fått respons på avtaleforslaget sitt.

Formannskapet vedtok at Stryn kommune leiger ut Utstillingshallen med parkeringsplass til Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit. Dei må seie ja til avtalen, elles blir utstillingshallen riven. Alternative lokale er ikkje nemnd i avtalen.

Dyreorganisasjonane reagerer på at det er gjort vedtak utan høve til å gjere innspel og har no bedt forhandlingsnemnda om møte før saka skal til kommunestyret.

– Vi har ikkje motteke nokon avtale å gi respons på. Det første vi høyrer om denne avtalen er det vi les om i avisa, seier leiar i Stryn Sau og Geit, Arne M. Sølvberg og leiar av fjordhestlaget, Britt Fredlund. Dei fortel at dei var optimistiske etter eit positivt møte med forhandlingsnemnda i august.

– Vi vart lytta til og følte det var stor forståing for våre synspunkt. Når vi fann fram sakspapira så ser eg at dei ikkje har kome våre ønskje i møte. Det er skuffande, seier Sølvberg.

Vil ha nytt møte

Dei to set spørsmålsteikn ved at dei ikkje kan nytte området som Fylkesmannen definerer som eit friluftslivområde.

– Vi synest denne aktiviteten passar fint inn. Viss ikkje burde kommunen i så fall klaga på dette til Fylkesmannen, seier Sølvberg, som kritiserer saksgangen.

– Det er svært uheldig saksgang når vi ikkje vert orientert om ein avtale før vi les om det i avisa. Avtalen er utan tilbod om alternative lokale. Det burde heller ikkje vere grunn til å krangle om småpengar for vedlikehald av hallen, seier Sølvberg og Fredlund, som begge ønskjer nytt møte med kommunen og forhandlingsnemnda om saka.

Sølvberg og Fredlund på parkeringsplassen dei får høve til å nytte. Plassen bak vegen er definert som friluftsliv-område og kan ikkje nyttast. – Vanskeleg å forstå, seier dei. Foto: Roger Oldeide