Stryn kommune har førebels ikkje konkludert med kvar dagshytta skal plasserast.

Alle kommunane i Sogn og Fjordane skal byggje ei dagsturhytte ved populære turmål.

Hyttene skal vere ein stad ein kan byte klede, ete nista og varme seg på tur. Minibibliotek er også på plass. Stiftinga til Sparebanken i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane samarbeider om prosjektet. Kommunane skal byggje og vere ansvarlege for hyttene. Alle skal vere klare innen 2018.

– Dette er eit spenstig prosjekt. Vi avventar om det er politisk vilje til å finanisere sanitæranlegg i tilknyting til hytta. Det er sett av midlar til plassering, noko vi skal sjå nærare på. Her har vi ikkje landa heilt enno. Slik står saka no, orienterte avdelingsleiar for kultur, Myrtel Thomassen. Hytteprosjektet var oppe som referatsak i skule- og kulturutvalet sist veke.

Føringar for plassering er at hytta skal vere i fjellheimen, vere sentrumsnær og lett tilgjengeleg. Det er opp til kommunen kva løysing ein vel. Avklaring med grunneigar må vere i orden. Ein har hatt kontakt med Indre Nordfjord Turlag og ungdomsrådet.

Fleire politikarar uttrykte ønskje om engasjement gjennom innspel frå folket. Det var støtte til prosjektet og vidare framdrift.