Fylkesmannen har frå Helse- og omsorgsdepartementet fått i oppdrag å kartlegge om det er kommunar i Sogn og Fjordane som ynskjer å delta i ein prøveordning med å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 1. januar 2020. I første runde omfattar den om lag 15 kommunar.

Då Helse- og sosialutvalet handsama saka vedtok utvalet å takke nei til å søke og begrunna dette med at tenesten ville bli for omfattande og krevje ekstra administrative ressursar, spesielt i høve til planlegging, avtaleinngåing, gjennomføring og oppfølging.

- Det er ikkje rom i administrasjonen til å ta på seg ei så omfattande oppgåve utan å tilsette ekstra ressursar, heitte det av vedtaket.

Då Stryn formannskap handsama saka førre veke var tilrådinga å takke nei, men Per Kjøllesdal (Sp) meinte å ikkje vise interesse til å søke var ei altfor defensiv haldning til noko som han meinte vil gi både tilskot og nye arbeidsplassar til Stryn.

Kommunalsjef Heidi Vederhus vart kalla inn til møtet for å seie litt om økonomi og stillingar knytt til pilotprosjektet. Vederhus kunne ikkje svare på ståande fot, men skal skaffe til veie meir informasjon slik at kommunestyret 15. mai skal kunne ta stilling til om Stryn kommune skal søke om å ta del i pilotprosjektet eller ikkje. Søknadsfristen er nemlig 18. mai.

Per Kjøllesdal (Sp) kom med følgande endringsframlegg:

- Stryn kommune ynskjer å delta i prøveordning om å ta over ansvaret for tannhelsetenesta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det vart røysta over endringsframlegget som fekk 6 mot 1 røyst.

Kommunestyret skal ta stilling til saka tysdag.

Deltakarkommunene må legge til rette for å kjøpe tenester frå andre dersom ikkje deltakarkommunene sjølve er i stand til å levere tenestene og det fyl ei rekkje krav til den som vil ta over tenesten.

Deltakarkommunene må legge til rette for å kjøpe tenester frå andre dersom ikkje deltakarkommunene sjølve er i stand til å levere tenestene.

Verksemdoverdraging og oppgåveoverføring frå fylkeskommunane til deltakarkommunene må gjennomførast før 1.januar 2020

Det vert stilt følgjande krav til deltakarkommunene:

  • Kommunen må innhente politiattest uansett kven kommunen yter tannhelseteneste til

  • Kommunen må arbeide systematisk med kvalitetsforbetring

  • Kommunen må arbeide systematisk med brukarmedverknad

  • Kommunen må yte transport av tannhelsepersonell

  • Kommunen må kunne koordinere deltenester for personar som har rett til individuell plan

  • Kommunen må medverke til vidare- og etterutdanning av private tannlegar som har avtale med kommunen

  • Kommunen må kunne medverke til forskning

  • Kommunen må dekke utgifter til pasienttransport til og frå tannhelsetenestene etter eigen kommunal forskrift