Vegløysingane for nye E39 var orienteringssak i Stryn kommunestyre tysdag. Årsaka er at det må vere politisk semje om planprogrammet før vegvesenet går vidare med E39 planane.

Som tidlegare, orienterte Statens vegvesen ved seksjonssjef, Ellen Slinde om kvifor og korleis dei har enda opp med E39 løysinga slik den står i dag.

Per Kjøllesdal (Sp) har vore kritisk til plassering av vegtraseen i Vikane og bad kommunestyret om prøverøysting på følgande framlegg;

– Av omsyn til jordvern og lett tilgjengelegheit til E39, krev Stryn kommune at Statens vegvesen greier ut ei øvre linje med utgangspunkt i Norconsult sin rapport.

Kjøllesdal fekk sju røyster og trekte forslaget.

Orienterte kring E39 Seksjonssjef i Statens vegvesen, Ellen Slinde vil ikkje utgreie ny trase i Vikane før høyringsrunda er over. Foto: Roger Oldeide

– Men det vil bli mange klager på dette i høyringsrunden, sa Kjøllesdal.

Slinde understreka at det blir rom for innspel om trase i høyringsrunden og ville difor ikkje ta stilling til nye utgreiingar før høyringsrunden er over. Saka skal på høyring i løpet av hausten inneverande år.