– Mellom anna skal overløpet hevast og forsterkast og det skal etablerast nye målepunkt i dammen. Årsaka er nye strengare krav frå NVE, mykje ny bustadutbygging i Vik og nye, høgare flaumberekningar enn tidlegare, seier teknisk sjef i Stryn kommune, Jan Flore.

På bakgrunn av dette skal dammen endre si bruddkonsekvensklasse frå 2 til klasse 3.

Bruddkonsekvensklasse 3 betyr følgande:

– Skade på sterkt trafikkert veg eller jernbane, eller annan infrastruktur, med spesielt stor betydning for liv og helse. Stor skade på spesielt viktige miljøverdiar eller spesielt stor skade på framand eigedom.

Ei bølge vil treffe sentrum etter 25 minutt

Firmaet Sweco har utført ny dambruddsbølgeberegning for Holevatnet. Rapporten beskriv kva som vil skje ved ein gitt flaummengde og brot av dammen.

– Vatnet vil bevege seg raskt ned til Stryn sentrum og treffe busetnad om lag 25 minutt etter dambrotet. Grunna tilsig langs vassdraget dempast ikkje vassføringa i nemneverdig grad før vatnet når det flate området ved rv 15. Så minkar vasstanden gradvis til heile brotsbølga er ute i havet om lag 1,5 timar etter at dambrotet starta, heiter det frå rapporten.

– Frå Holevatnet til Hydlamyrane er det mykje lausmassar og rasfarlege skråningar, så det må forventast både erosjon og ras. Busetnad i nærleiken av elva er spesielt utsett. Fleire hytter på Tonningssætra, mange hus, industribygg og Stryn vidaregåande skule i sentrum vil bli berørt, heiter det mellom anna av rapporten.

– Dammen er trygg

Teknisk sjef i Stryn kommune seier dammen pr. i dag er trygg.

Trygg – Dammen er trygg, men må møte nye strengare krav til tryggleik. Det vil koste 19 millionar kroner, seier teknisk sjef i Stryn kommune, Jan Flore. Foto: Roger Oldeide

– Det er den, men den må møte nye strengare krav til tryggleik. I 2018 blir det bygd ny veg frå Tonningsætra opp til Holevatnet for anleggstrafikk, og i 2019 startar arbeidet på dammen som vil få ein annleis utsjånad enn i dag. Den vil bere preg av mykje meir betong og stein, seier Flore.

Rekninga er det vassabonnentane i Stryn som skal betale.

– Det vil ikkje bli eit nemneverdig hopp i vassavgifta neste år, men det vil bli ei auke, seier Flore.