Jostein Berge skulle berre ta seg ein tur opp i Lodalen for å kjøpe seg ein is tysdag ettermiddag. Han hadde ikkje før fått av papiret på isen ved Loenvatn Camping før vinden meldte seg.

- Eg såg to kajakkpadlarar som padla det dei hadde mot land før den verste vinden kom. Dei rakk seg inn, men det var voldsomme krefter. Det kunne gått liv om det var folk på vatnet når det blåste som verst, fortel Berge.

Sjølv kom han heilskinna frå vindkasta, men det gjorde ikkje bilen hans.

- Eit tre hadde blåst ned over bilen. Det er ganske store skader på både taket og på ei dør. Eg må ha meg ein prat med forsikringsselskapet om naturskader, seier Berge.

Han fekk hjelp av drivarane av Loenvatn Camping med å få treet av bilen med hjelp av ein traktor.

- Eg som berre skulle ta meg ein tur for å kjøpe meg ein is og slå i hjel ein time, humrar Berge.

Også ved Sande Camping i Lodalen herja vinden tysdag.

Ekteparet Erik og Eva Frang fekk forteltet på campingvogna si øydelagt i dei kraftige vindkasta.

Slik såg det ut på Sande Camping i Lodalen Foto: TERJE GILLESHAMMER / NRK

– Vi såg at det var gråvêr. Så gjekk vi for å ete, og då var det plutseleg full orkan, seier Erik Frang til NRK Sogn og Fjordane.

– Vi sprang ned igjen for å redde det vi kunne, men då vi kom ned att knakk det saman, legg kona Eva til.

Ho fortel også at uvêret ikkje liknar noko dei har opplevd i området før.

– Vi har opplevd mykje vind her, men aldri slik som dette, og vi har vore her i over 30 år på same stad, seier ho.

Ifølgje ekteparet var det ikkje så mykje dei kunne gjere for å redde forteltet på vogna.

Loen Tre blåst ned over vegen Foto: SMS Tipsar

– Vi rakk ingenting. Eg skulle halde teltet, men då eg kom inn i det fekk eg ei stong over meg, så då måtte eg berre sleppe, seier Eva til NRK

Vind knakk grein Foto: Atle Rake
Stryn sentrum gjekk ikkje klar av vinden Foto: Atle Rake
Ekteparet Erik og Eva Frang fekk forteltet på campingvogna si øydelagt Foto: TERJE GILLESHAMMER / NRK