Om lag 80 publikummarar fekk oppleve ein flott konsert i Stryn kulturhus tidleg laurdag kveld. Unge lokale talent framførte musikk på alt frå gitar, bass, trommer, klarinett, flygel og fele til rein vokal.

Fritunvalsen: F.v.: Astrid Hilde, Inger Anne Kårstad, Mathea Carslen og lærar Ingrid Heieren framfører «Fritunvalsen» på fele. Foto: Roger Oldeide

Programleiar Torstein Tvinnereim spurde mellom andre Mats Hopland om korleis det er å vere elev ved kulturskulen.

duo: Olina Svarstad Heggdal framfører «Våren» av Vivaldi saman med lærar Linda Gytri. Foto: Roger Oldeide

– Det er veldig kjekt. Eg vil anbefale det for fleire, fastslo Mats. Sjølv spelte han mellom anna «Å kunne æ skrive» og jazzinspirerte «Blue Monk» på klarinett saman med tidlegare rektor for kulturskulen, Ketil Rasmussen på trekkspel.

solo: Dominika Michalska framfører «Små rumpetroll» på flygelet.

– Mektig imponert over nivået

Det var lett å la seg engasjere som publikummar laurdag. Nivået var jamt høgt gjennom eit godt gjennomført arrangement. Få kan formidle publikumsopplevinga betre enn ordførar Sven Flo.

intervju: Emma Hjelbakk får spørsmål frå konferansier Torstein Tvinnereim mellom anna om korleis det er å vere elev ved kulturskulen.- Veldig kjekt, kunne Emma fastslå.

– Det har vore heilt fantastisk å sitte i salen og sjå på det som har skjedd der. Eg er mektig imponert over nivået. Dette viser at kulturskulen har livets rett, sa ein svært entusiastisk stryneordførar.

DamJam: Dette bandet hadde fleire songar laurdag. Her framfører dei «Still miss someone». Ivar Tynes på vokal. Foto: Roger Oldeide

Ny haust i nye lokale

Ordføraren poengterte at det vil bli ny og frisk kultursatsing i nye lokale i kulturhuset.

jazz: Mats Hopland imponerte på klarinett. Her framfører han «Blue Monk» saman med lærar og tidlegare kulturskulerektor Ketil Rasmussen på trekkspel. Mats anbefalte fleire å ta del i kulturskulen. – Det er veldig kjekt, lovar han. Foto: Roger Oldeide

– Vidare vil vi forsøke å få på plass eit desentralisert tilbod slik at vi når ut til alle i Stryn kommune, sa Flo.

Han fekk oppgåva med å dele ut årets elevpris blant sju nominerte elevar.

Loddtrekning: Konkurransen om elevprisen var så tett at ordførar Sven Flo måtte ta loddtrekning for å kåre ein vinnar. Ordføraren var mektig imponert over nivået laurdag.

– Alle er like gode, så vi må avgjere dette med loddtrekning, sa Flo som trakk namnet til flygelspelar Lene Egseth opp av kurven.

– Ein blir jo litt motivert av ein slik pris, sa Lene til Fjordingen.

Ho var ikkje den einaste som fekk heider og ære denne kvelden.

«beatles»: Her er det Sivert Baumann og Axel Brynestad Erdal som spelar Beatles-låten «Yellow Submarine» saman med Oddmund Otterdal. Foto: Roger Oldeide

– Nye talent veks fram kvart år, men hadde vi ikkje hatt dei lærarane vi har, så hadde vi ikkje fått slike resultat, sa kulturleiar i Stryn kommune, Myrtel Thomassen og trakk fram Linda Gytri og Ingrid Heieren som fekk blomster og ein velfortent applaus.

heider og ære: Elevprisen gjekk til flygelspelar Lene Egseth (i midten), her flankert av Linda Gytri og Ingrid Heieren. Dei to lærarane fekk mykje ros og applaus for sitt arbeid i kulturskulen.
«Come together»: Jon Rasmus S. Torheim, Magdalena Kacterska, lærar Erik Vinje og Sindre Vinsrygg Steen på trommer avslutta konserten med Beatles sin «Come Together». Ein av fleire Beatles-referansar i kulturhuset laurdag.