Det har vore mykje ruskever dei siste vekene. Men i motsetnad til i Leif Juster sin legendariske sketsj, er det ikkje "mot normalt",

- Desember og januar er uværmånadane på Vestlandet. Det er i desse tomånadane vi har størst sjanse for vind/ekstremver i følgjestatistikken. Dette kjem av at lågtrykka er kraftigast på dennetida av året, som igjen kjem av at skilje i temperaturen mellompolane og ekvator er størst, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid frå Olden.

Store skilje i temperaturane førerigjen til sterkare jetstraum, som er med på å forflytte gje ekstraenergi til lågtrykka og flytte dei raskare mot våre breiddegrader, forklarer meteorologen.

- Lågtrykka er farlegast i ein utviklande fase. Normalt sett skjerdette i havormråda vest for Storbritannia og sør forIsland/Grønland. Om jetstraumen fangar opp lågtrykka og sender deiinn mot våre lengdegrader før dei er ferdig utvikla, det er då vifår ekstremver som Urd.

- Korleis ser det ut framover når det gjeld ver?

- Eg kan love snø i store mengde første del av januar.Det er vel kjærkome for mange i indre Nordfjord, vil eg tru!