Stryn tapte 2-4 borte mot Årdal i Kretsligaen laurdag. Etter spel og sjansar var det lite å seie på at poenga vart att i Indre Sogn.

Eit ungt strynelag, anført av veteranen Asbjørn Tenden, tok likevel leiinga i kampen. Håvard Kroken sende avgarde eit skot som gjekk via ein Årdalforsvarar og over keeper. På det tidspunktet var det ikkje ufortent at Geir Inge Rake sitt mannskap var i front. Hadde laget utnytta dei mange overgangane dei fekk i første omgang kunne Stryn fort scora fleire mål.

Gleda varte dessverre ikkje lenge, og før fem minutt var gått hadde heimelaget funne vegen til nettmaskene ikkje berre ein gong, men to gonger.

Først fekk ein Årdalspelar stå heilt åleine inne i feltet etter eit innlegg frå venstre. Han fekk både dempe ballen uforstyrra og sette ballen bak ein elles god Jozef Tuzar i Stryn sitt mål. 2-1 scoringa like etter var av det unødvendige slaget. Eit feilkast frå ein strynespelar midt på bana vart kjapt utnytta av heimelaget, som på få trekk nok ein gong fann vegen til mål.

I andre omgang fekk Stryn problem med å etablere spel på motstandaren sin banehalvdel, og  heimelaget sette inn både 3-1 og 4-1 før Mathias Garlid reduserte til 2-4 fem minutt før slutt.

- Vi gjer for mange enkle feil på midten som fører til at Årdal etter kvart spelar ut på kant for så å kome til innlegg. Fleire av måla kom på denne måten. Når det er sagt må eg berre gje honnør til spelarane. Vi stilte med fem gutespelarar, all ære til dei i ein vanskeleg kamp, seier trenar Geir Inge Rake, som trass tapet finn trøyst i at dei unge spelarane fekk verdifull kamptrening. Han trur også at kampen fort kunne sett annleis ut dersom Asbjørn Tenden sine to stolpeskot hadde gått i mål i staden for.

- Til neste kamp skal det bli andre bollar, vi skal kome sterkare tilbake, seier Rake.

Neste kamp er komande torsdag, heime mot Vik.