Kretsligakampen mellom Stryn og Vik blir spelt på Stryn stadion torsdag. Geir

Inge Rake og mannskapet hans er på poengjakt etter to strake tap.

– Mot Vik kan eg love at det blir andrebollar, vi skal kome kraftig tilbake i denne kampen, seier Rake, som måtte sjå at laget gjekk på eit fortent tap i Årdal på laurdag.

Stryn står med tre poeng på tre kampar, og har med det hamna under

midten på tabellen. Men det er tidleg i sesongen enno, og det er

kort avstand mellom laga på tabellen. Ein trepoengar vil likevel

vere godt for sjølvtilliten inn mot 16. mai-oppgjeret borte mot

Eid.

I sist kamp mot Årdal stilte Stryn med fem gutespelarar då fleire av dei etablerte spelarane var ute grunna skader og anna fråvær. Vegard Sæten Hopland og Eirik Sæten kjempar ein kamp mot klokka, men kan vere klare til denne kampen.