Norges Fotballforbund har sett opp kampane i 2. runde NM G19 Telenor Cup.

Stryn er sett opp med heimekamp mot Hødd, medan fylket sin andre representant, Sogndal,  får heimekamp mot Brummundal.

Stryn vann 4-2 borte mot Volda i 1. runde nyleg.

Kampane i 2. runde skal i utgangspunktet spelast torsdag 24. mai, men kan spelast på eit tidlegare tidspunkt dersom begge klubbane blir einige om det, melder haugenfotball.no på si heimeside.