Politiet melder om trafikkulukke ved Staveneset i Stryn, der ein buss og ein 8-seter personbil har kollidert.

Det vart først meldt om fleire fastklemde personar.

- Brannvesen og ambulanse på staden melder om at minst fem personar er skadde, fleire kritisk. Fleire luftambulansar og redningshelikopter er på veg til staden, opplyste Stein Rune Ø. Halleraker, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, rett etter ulukka.

Ved ei oppdatert melding frå politiet er det no meldt om 15 lettare skadde personar og tre kritisk skadde.

Ulukka skjedde på Loen-sida av Stavenestunnelen. Foto: Odd Sindre Tonning

Alle naudetatar lokalt har rykt ut til staden.

- Fleire av personane som er involverte er utanlandske. Det er pr no ikkje klart  kva nasjonalitet dei har. I tillegg til politi, ambulanse og brannvesen er også tre luftambulansehelikopter og eitt redningshelikopter på veg til staden. Stryn kommune sitt kriseteam er i ferd med å bli varsla. Vegen er heilt stengd og vil bli stengd ei god stund, seier Halleraker i ei oppdatert melding.

Det har vore rekvirert Sea King frå Florø og  luftambulanse fra både Førde og Ålesund. Politiet seier dei har fått opplyst at desse har teke med seg to skadde til Førde og to til Haukeland Universitetssjukehus.