Fotball-VM sparka i gang i går med kampen mellom vertsnasjonen Russland mot Saudi-Arabia. I kveld møtest naboane Portugal og Spania, og i Stryn ladar portugisarar og spanjolar opp til storoppgjeret.

- Portugal kjem til å vinne 1-0, seier innehavar av Restaurant 34 i Tonningsgata, portugisiske Tiago Parcerias skråsikkert.

- Cristiano Ronaldo kjem til å score målet, smiler Tiago.

Sjølv om Portugal vann fotball-EM for to år sidan, så tvilar han på ny suksess i VM:

- Eg trur laget kjem vidare frå gruppespelet. Etter det kan eigentleg alt skje, men eg trur dessverre ikkje at vi vinn.

Spanske Sagueva Gómez, som har jobba ved turistinformasjonen i Stryn i fleire år, har klokketru på at Spania vil slå "veslebror" i kveld.

- 2-0 til Spania! Dette blir lett match, kjem det kontant frå Sagueva. Men heller ikkje ho har særleg tru på at landet ho kjem frå vil heve VM-trofeet til slutt:

- Nei, det trur eg ikkje, laget er nok for gamalt.

Begge håpar uansett på god stemning i kveld, sjølv om eit tap mot "naboen" kan vere vanskeleg å leve med.

- Eg veit at det kjem 8-10 portugisarar hit for å sjå kampen, så her blir det nok bra liv, trur Tiago.

- Vi får snakkast til kampen, smiler Sagueva lurt.