I dag opna Skogstad sin ellevte butikk, i Amfisenteret på Nordfjordeid.

Folk stilte seg tidleg i kø for å vere mellom dei betalande som fekk goodie-bag, og fleire uttrykte glede for at Skogstad har kome til Nordfjordeid. Stryn-verksemda er etterkvart kjend over heile landet, og har mange store kundar som sel mykje kle med opphav i Innvik.

Bente Sunde er opphavleg frå Olden og skal frå i haust vere butikksjef i Eid-butikken.

Dagleg leiar i Skogstad, Henning Skogstad, kom også ovanfor Fjordingen med nyheita om at bedrifta kjem med ein Svane-merka fleecekolleksjon til hausten.

Vi kjem med meir i tysdagsavisa.

Tradisjonen tru var Eid-ordførar Alfred Bjørlo på plass med blome til ny butikk i Eid. Her med nytilsett butikksjef Bente Sunde som flyttar frå Bodø til Eid om kort tid. Foto: Anne-Mari Aalberg