Stryn rundspelte Bremanger etter alle kunstens reglar i Kretsligaoppgjeret på Stryn stadion fredag kveld.

5-0 sigeren var ikkje eit mål for liten, og at det berre stod 1-0 til pause etter ei scoring av Marius Rauset er ei gåte. Heimelaget produserte sjanse på sjanse, og spelte seg til fleire store mulegheiter som burde resultert i scoring.

Stryn heldt fram i same spor etter kvilen, og omgangen var ikkje meir enn tre minutt gamal då banens beste Håvard Kroken var frampå og scora sikkert.

3-0 og 4-0 kom med eitt minutts mellomrom etter ein dryg time. 3-0 ordna Mathias Garlid, som nok allereie burde hatt både ein og to scoringar. Eit nydeleg innlegg frå Jon-Terje Tjellaug ekspederte Garlid i mål via ein uheldig keeper. Håvard Kroken vart tomålsscorar då han enkelt sette inn 4-0 etter å ha blitt spelt gjennom eit stadig meir vaklande borteforsvar.

Ti minutt før slutt var Mathias Garlid igjen frampå då han åleine med keeper ordna 5-0, for øvrig etter flott forarbeid av inbytar John Marius Berger.

Bortelaget hadde særs lite å kome med, faktisk så gjekk det over ein time før laget produserte noko som kunne minne om ein sjanse. Om Stryn hadde vunne 10-0 så er det ikkje å overdrive, så stor var forskjellen på laga på Stryn stadion.

- Vi burde hatt fem, seks scoringar før pause, men vi held fokuset og får 2-0 tidleg i 2. omgang. Då er nok kampen meir eller mindre køyrt, seier trenar Geir Inge Rake. Han er også glad for at laget heldt nullen, og innsatsen til veteranen Jon-Terje Tjellaug karakteriserer han som "fantastisk".

- Men det meste stemte i dag, seier Rake.