Stryn vann komfortabelt 4-1 over Vik i 3. divisjonskampen for damer på Stryn stadion søndag. Det vart ein spesiell kamp for Stryn sin trenar Halvard Bøe. Yngstedottera Andrine starta for heimelaget, medan eldstedottera Maria starta på benken for Vik.

Kampen starta jamt, der spelet bølga fram og tilbake første kvarteret. Utover i omgangen tok Stryn stadig meir over og festa grepet om midtbana. Frå det 32. til det 43. minutt fekk heimelaget skikkeleg hol på byllen, og flotte scoringar av Mariel Taraldset, Kaisa Wemby og Hedda Vatn Øvreberg gjorde at det stod 3-0 til heimelaget ved halv tid.

4-0 kom fire minutt ut i andre omgang då Saeideh Tajik fekk heade ein presis corner frå Anna Johannsdottir uforstyrra i mål.

Etter timen vart så stryningen Maria Lødemel Bøe bytta inn for Vik, og den tidlegare strynespelaren sette litt meir fart i bortelaget. Minuttet før slutt reduserte sogningane til 1-4, men sigeren var i realiteten aldri truga.

- Ein godt gjennomført kamp av oss, meinte trenar Halvard Bøe.

- Vi spelar oss til fleire sjansar, og med litt meir presisjon hadde vi scora endå fleire mål, sa Bøe før han gav begge døtrene ein god klem.

- Kjekt å vere tilbake og spele mot Stryn, syntest Maria.

Meir om Stryn sine kampar i papiravisa.

Eit godt slått frispark frå Anna Johannsdottir blir ekspedert i mål av Kaisa Wemby på bakerste stolpe. Foto: Thomas Thaule