Stryn sitt 3.divisjonslag i fotball for damer gjekk på eit tap også på sin andre tur til Sogn onsdag, og måtte returnere til Nordfjord med null poeng etter 2-3 mot Sogndal. Måndag vart det 0-4 mot Kaupanger 2. Men oppgjeret mot Sogndal burde Stryn vunne ifølgje trenar HalvardBøe:

– Vi har også denne gongen eit vanskelegutgangspunkt med mange spelarar som er utilgjengelege, og fleiresom er halvskada. Men vi styrer store delar av kampen. Og når vifår 2–1 skulle vi kunne halde på den leiinga, men dei scora rettfrå avspark. Vi var skuffa i går etter kampen. Hedda Vatn Øvreberg noterte seg for begge Stryn sine mål.

No ventar ein velfortent ferie for strynedamene.

- Vi må vere fornøgde med vårsesongen. Dei to  siste kampane kom for nær sommarferien og øydela mykje av godfølelsen, seier Bøe.