Så langt har 378.000 personar sett filmen «Nordfjord 107 Moments», skriv Visit Nordfjord i ei pressemelding.

Filmen vart lansert 8. april og har blitt ein viral hit i sosialemedier. Historia tek utgongspunkt i at det er 10 år sidan, dennorske frikøyraren Fred Syversen vart verdskjend for eit skihoppein til dags dato ikkje har sett liknande til. Under innspelinga avein frikøyringsfilm i Alpane, køyrde han ved eit uhell utfor eitstup på 107 meter! Utruleg nok kom Syversen frå hendinga med berrenokre få skrammer. Det blir skildra som eit mirakel at hanoverlevde, og hoppet vert fortsatt rekna som verdas høgste dropp påski.

I dag bur Fred "Hundreogsyversen" nær Stryn i Nordfjord. Ihøve 10-årsjubileet gav difor Visit Nordfjord Fred ei litt annautfordring: Å gjennomføre 107 opplevingar i Nordfjord, eitt permeter og alt i løpet av kun ei helg.

- Gjennom Fred si historieskulle vi vise breidda av moglegheiter i området og skape reiselystfor turistar i inn- og utland. Samtidig vart produksjonen eit flotthøve til å fylle eigne kanalar med innhald som vi tidlegare ikkjehadde. Basert på dei foreløpige målingane, kan vi seie at vi hartreft ein nerve og at kampanjen er ein stor suksess, seierreiselivssjef Marita Lindvik.

Nordfjord 107 Moments er ogsåkrysspublisert via Visit Norway og Fjord Norway, og har skapt mangeringeffektar i ulike medier, både lokalt og internasjonalt. Tildømes har National Geographic i Russland publisert denne, går det fram av pressemeldinga.

Fleire småfilmar

Det er også utarbeidd 10 småfilmar med utspring i hovudfilmenNordfjord 107 Moments. Tre av desse er allereie lansert og har fåttgode sjåartal. Dei korte filmsnuttane er tenkt å bidra til å spreiekampanjekonseptet og Nordfjord si merkevare meir målretta motmålgruppene.

Nordfjordingen - gode tal for ny lokal film

Den heilt nye filmen«Nordfjordingen» har også hausta gode sjåartal og tilbakemeldingarpå sosiale media. Sidan lanseringa 15. juni har over 38.000 settfilmen til no. Målet var å lage ein film med eit humoristiskskråblikk på Nordfjord og Nordfjordingen. Her er det lokale kreftersom både har manus, film og regi. I sum framstiller desse filmanevårt distrikt på ein måte som treff mange i alle målgrupper, skriv Visit Nordfjord.