Lars Åkernes Rimereit frå Eidsdal IL var førstemann i mål på 38-kilometersutgåva av Hornindal Rundt laurdag på ny løyperekord, 4.09,10. Den gamle rekorden vart slegen med om lag 13 minutt. Rimereit var imidlertid ikkje innom kontrollposten på Kupa, og løpet blir difor ikkje godkjent som rekord. Kristoffer Haugen kom også under den gjeldande rekorden, og det er han som ho har løyperekorden.

Kristoffer Haugen fann ekstra krefter mot slutten av løpet og passerte både broren Rasmus Haugen og Andreas Skylstad (Nordangdal IL), og vart nummer to, 12.17 minutt bak Rimereit.

- Først og fremst er eg glad for ei god tid. Det var gode forhold i dag, men eg sprang med ull, og det vart for varmt, seier Kristoffer. Han er godt fornøgd med å få selskap av broren Rasmus på pallen.

- Eg auka farten i nedoverbakkane, og det var ein fordel då eg hadde eit ekstra gir mot slutten. I oppoverbakkane er Rasmus mykje betre enn meg. Eg har aldri hatt så mykje syre og krampe nokon gong, sa ein dyktig sliten Kristoffer Haugen til lokalavisa etter løpet.

Rasmus Haugen og Andreas Skylstad gjorde opp om tredjeplassen, og her drog 20-åringen frå Hornindal det lengste strået.

- Frykteleg tungt, sa vinnaren etter løpet. Han hadde vore i tet heile vegen, og han var den einaste av dei topplasserte som brukte stavar.

Reiner Aaland vart nummer ni, og Roger Lillestøl nummer ti.

Live Sollid (14) frå Hornindal imponerte då ho vann dameklassen, om lag ti minutt føre nummer to, Silje Heltne frå Volda.

Askild Vatnbakk frå Bøler IF er i tet når det gjeld dei som spring fullversjonen på 75 kilometer.

Live Sollid (14) frå arrangørklubben vann dameklassen på tida 5.27.58 Foto: Inge Fænn