Stryn sine fotballdamer i 3. divisjon har hatt ein lang sommarferie, men i kveld brakar det laust att med heimekamp mot tabelljumbo Tornado Måløy.

- Korleis ser det ut på mannskapssida no etter ferien, trenar Halvard Bøe?

- Guro Myklebust har starta på skule i Trondheim, og Katrin Opheim er skada. Men Anja Tomasgard og Dagny Sæten har flytta tilbake til Stryn og blir med.

- Kampen mot Tornado Måløy kan vel absolutt vinnast?

- Vi kan slå alle laga i divisjonen. Det er viktig at vi finn tilbake til godfølelsen vi hadde i heile vår, sett bort i frå dei to siste kampane. Oppskrifta er som vanleg knallhard innsats.

Stryn ligg før kveldens oppgjer på fjerdeplass med 19 poeng. Tornado Måløy på si side ligg sist med fire poeng. Det omvendte oppgjeret enda med 4-0 siger til Stryn.