Kretsligaen:

Ustoppelege Stryn

Nye tre poeng: Vegard Sæten Hopland og Stryn sikra seg nye tre poeng borte mot Skavøypoll.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

New Articles

Stryn tok sin sjette strake siger i Kretsligaen då Skavøypoll vart slått 4-0 på bortebane laurdag. Pauseresultatet var 0-0 etter ein noko sjansefattig førsteomgang. Stryn sin største sjanse stod Rasmus Skåre Tjellaug for då han heada like til side for mål etter fire minutt.

Andre omgang var sju minutt gamal då Vegard Sæten Hopland sende Stryn i føringa med ein nydeleg lobb. Hopland og co. fekk kampen inn i sitt spor, og etter 68 minutt dobla Johannes Garlid Tenden leiinga. Garlid Tenden hadde då berre vore på bana nokre få minutt.