Mangla yrkessjåførkompetanse, firma måtte skaffe ny sjåfør

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen hadde tungtransportkontroll ved Kjøs bru tysdag.

To sjåførar fekk 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring. Fire sjåførar fekk pålegg om å fjerne gjenstandar i ruta før dei fekk køyre vidare, og ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletidsreglane.

Vidare vart ein sjåfør og firma meld for ikkje å ha montert fartsskrivar, ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare, og ein sjåfør vart meld for manglande yrkesjåførkompetanse. Her måtte firmaet skaffe ny sjåfør før transporten kunne halde fram, melder Statens vegvesen.

I alt 49 køyretøy vart kontrollerte.