"Joffen" frå Stryn fekk Furorestipend på 50.000 kroner

Skal bruke pengane på trommetimar med Frank Zappa-trommeslagar

Stipend: Jon-Fredrik "Joffen" Hopland er tildelt Furorestipendet.  Foto: Aaron Smith

New Articles

Jon-Fredrik Hopland (26) er i USA og oppfyller musikerdraumen. Denne veka fekk han godt nytt frå heimfylket. Pengane frå Furorestipendet skal gå til trommetimar med trommeslagaren til Frank Zappa.

I desse dagar deler Sparebanken Sogn og Fjordane ut Furorestipenda til 50.000 kroner, som går til unge talent frå fylket. Onsdag gjekk det ein telefon frå banken sitt kontor i Stryn over Atlanteren til trommeslagar Jon-Fredrik Hopland.

- Det var heilt fantastisk å få Furorestipendet. Eg har søkt i fleire år utan hell, men no fekk eg det faktisk! Det viser kor viktig det er å stå på og ikkje gi opp, og ikkje minst vere tålmodig og konsekvent. Pengane vil eg bruke på trommetimar med Chad Wackerman som var trommeslager for Frank Zappa. Eg vil og oppgradere litt utstyr, fortel Hopland.

Stipendpengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som forvaltast av eigaren til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det var veldig hyggeleg å få overraske «Joffen» med stipendet. Han har allereie oppnådd mykje, og vi har stor tru på vegen vidare. Vi håpar han får mykje godt ut av trommetimane han skal ta no, og ønskjer lukke til vidare som trommeslagar og produsent , seier banksjef for privatmarknad i Stryn, Odd Kjetil Tonning, i ei pressemelding.