Tek til kinomørket

Hundrevis har vore på den store kinodagen i Stryn

Kino Kvart full sal under Mamma Mia  

New Articles

Den første laurdagen i november kallar Stryn kulturhus "den store kinodagen". Det er blitt tradisjon for å lokke stryningane til kinomørket med mellom anna gode tilbod på kinobillettar etc denne dagen.

"Den store kinodagen" Kinovertane Maria Grodås, Silje Reed og Peter Frausing har hatt bra besøk på kinoen laurdag.   Foto: Roger Oldeide

- Besøket har vore ganske bra. Omlag 300 personar har kjøpt billett og vore på kino allereie, seier kinovert Silje Reed. 

I tillegg er det diverse aktivitetar for born på kulturhuset, kan ein og kan plukke med seg gratis filmplakakatar for alle filmane som har vore vist på kino i Stryn i år.

Aksel Flo Stavik og Henrik Haugen sikra seg kvar sin filmplakat som, dei vioser fram, men filmane har dei ikkje sett.

9-åringane Aksel Flo Stavik og Henrik Haugen sikra seg filmplakatar for filmar dei ikkje kan sjå på nokre år enno.   Foto: Roger Oldeide

- Nei, vi er ikkje gamle nok enno. Vi kunne tenkt oss å sett "Mordene i Kongo". Den går i kveld, men den kan vi ikkje få sett på lenge, seier Aksel og Henrik som begge er 9 år gamle.

- Det er litt kjedeleg det da, seier dei og rullar saman plakatane.

Filmplakatar "Up 4 grabs"