Mixed-stafett i Pokljuka

Godt levert av Johannes

Men det vart ingen stor dag for det norske laget i Pokljuka

Arkivfoto Johannes Bø henta inn eit heilt minutt på si etappe og sytte fro ein sjetteplass i mixedstafetten  Foto: Roy Aron Myklebust

Tarjei Bø gjorde det også godt på   Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Mixed-stafetten i slovenske Pokljuka vart aldri spennande sett med norske auge. Då Ingrid Landmark Tandrevold tok over etter Synnøve Solemdal låg det norske laget allereie nede på 20. plass ved første veksling

Bø-brørne gjorde det imidlertid godt. Tarjei Bø, som gjekk ut for Norge på ein 14. plass, sendte bror Johannes avgårde over 2,52 minutt bak.

Johannes gjekk veldig bra og henta stadig inn nye sekund før han gjekk i mål 1,51 minutt bak Frankrike.

Det enda med ein sjetteplass for det norske laget.

Ingen kunne gjere noko med Frankrike med Martin Fourcade og co som gjekk først i mål 38,7 sekund før Sveits på andreplass og Italia på tredje.