Mona-Jill Band ute med ny låt:

10.000 visningar på eitt døgn

Ettertrakta: Mona-Jill Band har blitt eit ettertrakta danseband. Til sommaren står dei på scena under Nordens største dansebandfestival i Malung på sjølvaste "gromlaurdagen", laurdag 20. juli. Der får dei m.a. selskap av Vikingarna og Christer Sjögren.  Foto: MJB

New Articles

Mona-Jill Band, med base i Olden og Mona-Jill Knapp-Forssén Haugen som frontfigur, slapp laurdag den nye singelen "Bli hos mig". Låten vart presentert i "På dansefot" på P1+, og reaksjonane let ikkje vente på seg. I løpet av det næraste døgnet hadde videoen "Bli hos mig" passert 10.000 visningar, opplyser bandet. (Klikk på linken om du vil sjå og høyre videoen.)

Samstundes er programmet for sommarens Malungfestival klart. Malungfestivalen, kjend som Svenska Dansbands Veckan, er den største dansebandhendiga i Norden. Sju kveldar, seks dansegolv, nær 100.000 besøkande.

No er Mona-Jill Band booka til Malung for femte året på rad, og spelar til dans sjølve "gromkvelden", laurdag 20. juli, same kvelden som m.a. Vikingarna med Chrsiter Sjögren skal spele på festivalen.