Snart meir vanleg med hyttefelt enn med frittståande hytter

Tre av fire nye hytter i 2016 og 2017 vart bygde i hyttefelt. Snart vil over halvparten av norske hytter og fritidsbygg vere i tettbygde område.

Illustrasjonsfoto 

New Articles

Framleis er dei einskildståande bygga så vidt i fleirtal, 51 prosent, men trenden går mot auka fortetting, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2016 og 2017 vart det oppført nesten 10.000 nye fritidsbygg. Over tre firedelar av desse vart oppførte i det som blir omtalt som tettbygde fritidsbyggområde, noko SSB definerer som ei samling med minst fem fritidsbygg, der avstanden mellom bygga ikkje overstig 75 meter.