E39

Jordras på Skredestranda

Blir vurdert opna i morgon tidlig

Jordras E39 ved Skredestranda er stengt  Foto: Jan Tore Sunde / Politiet

New Articles

E39 ved Skredestranda i Eid er sperra grunna jordras.

- Det er gått eit jordras over vegen. Det vil bli tatt ei vurdering om å opne vegen i morgon tidlig klokka 10.00, seier politibetjent på staden, Jan Tore Sunde til Fjordingen.

Årsaka til at ein ikkje vil fjerne jordmassane no, er dei store nedbørsmengdene og fare for nye skred i dette området.

Ingen personar eller bilar skal vere råka av jordskredet.

Statens vegvesen anbefalar omkjøring via E39, Fv 60 og Fv 651.

Skredestranda er svært utsatt for jord- og snøskred. Så seint som i mars i år gjekk Kolefonna på nytt i Skredestranda.

Som Fjordingen hart omtala før, har Eid-ordførar Alfred Bjørlo tatt til orde for tunnel i dette området.